Velkommen til Skjelbreid Poirée - Teambuilding & MICE!
Med naturen i sentrum har du og ditt team no ein unik sjanse til å kombinera teambuilding med eige fagleg opplegg her i naturskjønne Hålandsdalen!
Skjelbreid Poirée er ein hybrid
mellom ei hytte og eit hotell som er skapt og utvikla i samarbeid
med nokon av dei mest målbevisste og best kjente namna i
skiskyttarverden på 2000-talet, nemleg heile Norges
skiskyttardronning Liv Grete Skjelbreid Poirée og mannen Raphael
Poirée, i tillegg til storesyster Ann-Elen Skjelbreid og husbonden
Egil Gjelland, som no også er landslagstrenar for dei norske
skiskyttarjentene.
Berre ein god times kjøring frå Bergen / Flesland flyplass finn du den heimekoselege Skjelbreid Poirée-hytta. Stemninga er uformell mens vert & vertinne er jordnære og smilande. Som gjest vil de disponera hytta åleine då me alltid berre tar inn berre ei gruppe om gongen.
Du opplever, utfordrar og overraskar deg sjølv. Du overlèt deg til oss og nyter opphaldet og opplevingane. Når de reiser heim, ja då veit du kvifor de kom til oss. Velkommen heim til Skjelbreid Poirée - og velkommen tilbake!

